Alder: 25
Gruppe: Bybanen KFUK-KFUM-speidere, Bjørgvin

Hvorfor ønsker du å sitte i landsstyret?

Eg har opplevd perioden eg har vore i landsstyret som særs givande og lærerik. Eg ynskjer å sitja vidare, fordi eg framleis trur eg kan vera ein god ressurs for forbundet i vervet som landsstyremedlem. Å gi attende til organisasjonen, møta engasjerte speidarar og leiarar, og få vera med på å forma organisasjonen er eit arbeid eg set pris på. Eg har spesielt vore involvert i arbeidet med KFUK- og KFUM-saker, både gjennom KFUK-utvalet og KFUK-KFUM Internasjonalt. Eg meiner dette er arbeid kor det vil vera bra med kontinuitet og meir erfaringsinnhenting. 

Hva er dine hjertesaker i speiderarbeidet? 

Hjartesakene mine er mellom anna dei globale problemstillingane som kan, og bør, vera ein del av det nasjonale og lokale speidararbeidet – døme på dette er arbeid for likestilling, positiv samfunnsutvikling, leiartrening, klimaengasjement, og internasjonal solidaritet. I tillegg brenn eg for det enkle friluftslivet.   

Hvilken speidererfaring har du? 

Eg har etter kvart ei grei mengd speidarerfaring, både som leiar, stab og i nasjonale verv. Dei siste to åra har eg vore landsstyremedlem, og sit dessutan som nestleiar i KFUK-utvalet. 

Hvilken utdanningsbakgrunn og/eller arbeidserfaring har du?

Eg er utdanna Grunnskulelærar med master i Barne- og ungdomslitteratur, og arbeider for tida som kontaktlærar i fjerde klasse.